På Bjørkedalen i Bjørkedal båtsamlingar finn ein færing. Færing er bygd av Steffen
Karlson Mån(1803-1869). Steffen reiste tidleg frå barndomsheimen på Måna (Austefjorden) for å tene. Han kom til Larsgarden på Nøre Bjørkedal og var dreng der i fleire år. Det ligg nær å tru at han slapp til både i båtskotet og i smia, når det ikkje var noko anna å gjere på garden.
I 1835 vart Steffen gift med Johanne Olsdotter Strand, f. 1806, frå garden Jostranda i
Dalsfjorden. Han kjøpte i 1837 det eine av dei to bruka på Kornberg av Riksstyret og budde på Kornberg (i Kornbergstova) livet ut.




På veggen inni Skjerabuda er det malt ”POST 1912”. Buda var nytta som brevhus (i Volda herred, Møre amt, under Aalesund postkontor) frå 1. august 1912. Frå 1917 blei brevhuset lagt under Volden postkontor. Namnet blei frå 12.desember 1933 endra frå Skjæret til Skjeret. Brevhuset Skjeret blei lagt ned frå 1. september1950.